Endeleg snart turnsesong - viktig informasjon om påmelding!

No er det straks klart til påmelding til sesongen 2019/2020

Vi gler oss over at det ikkje er lenge igjen før vi kan starte opp med turntreningane denne sesongen! Styret jobber med å få orden på timeplan og trenarkabal, og dette vil bli publisert her så snart alle brikker er på plass. Dei første treningane starter opp første veka etter haustferien.

Påmelding - nye og gamle turnarar:

Påmelding til årets sesong skjer som tidlegare: Vi legg ut ei lenke når tida er inne, og der vil du kome til eit registreringsskjema. Du fyller ut skjemaet, og vil bli sendt vidare til betaling. Merk at betaling skal skje samtidig med påmeldinga. Dersom du ikkje gjennomfører betalinga er heller ikkje påmeldinga registrert.

Vi har begrensa antal plassar på alle partiar for å kunne tilby gode treninger til turnarane våre. Dette medfører dessverre at det ikkje er sikkert at alle som ynskjer å gå på turn får plass. Det kan variere kor mange ledige plassar det vert på dei ulike partia, og nokre kan bli sett på venteliste. Tilgang til treningsareal og antal trenarar og hjelpetrenarar på kvart parti er delvis avgjeraande for kor mange vi kan tilby plass til. Ofte kan fleire trenarar vere løysinga, så ta kontakt med oss dersom du vil bidra som trenar eller hjelpetrenar!

Barn av trenarar og dei som var turnarar i fjor har førsterett på plass, og når alle desse har registrert seg vil vi opne for påmelding til nye turnarar. Påmelding til ny sesong vil difor skje i fleire puljer:

19. september vil vi sende ut epost til alle tidlegare turnarar med ei lenke til registreringa. Her kan du registrere og betale for turnaren. Merk: Påmeldingsfrist er 25. september.

2. oktober opnar vi for påmelding av nye turnarar. Lenke vil bli lagt ut på heimesida og på facebook når den er klar.

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift