Treningstider for barneidretten sesong 2019/2020

Barneidretten startar opp att aktiviteten sin etter haustferien

STIL ynskjer alle velkomne til ein ny sesong - både dei som har vore med før og dei som vil vere med for fyrste gong!

Barn mellom 3 og 6 år (fødde 2013-2016) er velkomne til å delta i STIL sitt barneidrettstilbod. Barneidretten startar opp att aktiviteten sin etter haustferien og treningane føl skuleruta og varer fram til påske. 

Treningstider for barneidretten sesong 2019/2020

  • 3-4 år (f. 2015 og 2016): Måndagar Sandane Barneskule kl. 17:00 -17:45
  • Idrettsskule 5 år (f 2014): Måndagar Gamle Firdahallen (½ sal) kl. 17:00-18:00
  • Idrettsskule 6 år (f 2013/1 klasse): Onsdagar Gamle Firdahallen (½ sal) kl. 17:00-18:00

Alle som deltek vert registrerte som medlemar i STIL, og betaler kr 200,- i medlemskontingent. På grunn av halleige i Firdahallen, ser STIL seg nøydde til å fakturere ei treningsavgift for deltaking på idrettsskulen. For dei eldste borna (2013-2014) vil det såleis bli lagt til ei treningsavgift på kr 350 for sesongen 2019-2020. 

Oppe til høgre på sida ligg det link til informasjonsbrevet for sesongen 2019/2020.

Vel møtt!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift